Produkt beskrivelse
Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. Handboka gjev lesarane ei innføring i alle dei sentrale emna i den norrøne filologien ? om handskrifter, om teksttolking, om runer, om språkleg utvikling og variasjon, om namn og nemne, om dikt og soger, og dessutan om den gamle gudelæra.
Andreutgåva av Handbok i norrøn filologi er gjennomgåande revidert og har tre heilt nye kapittel. Supplerande materiale og oppdateringar kan ein finne på nettstaden nofihandbok.no.
Detaljer
- ISBN13 9788245011098
- Sider 798
- Udgivet 2012
- Forlag Fagbokforlaget
- Format Hardback
- Udgave 2
- Sprog Norsk