
498,00 kr.
Not in stock. Expected time of delivery is 2-5 working days.
Produkt beskrivelse
I denne boka tar forfattarane opp talemålsendringar i Norden dei siste to hundreåra, dvs. endringar i ein periode som vi har nokså gode kjelder frå og dermed kan uttale oss presist om når det gjeld både språk og samfunn. Dét er til hjelp når vi skal prøve å forstå vilkåra for språkendring. Boka gir parallelle framstillingar, noko som gjer det muleg å lese og å arbeide komparativt. Det er viktig når ein vil skaffe seg sikrare innsikter. Boka inneheld artiklar om alle dei nordiske språka, og beskrivingane av norsk tar for seg enkeltregionar. Språkendring i byar og industristadar er drøfta for seg. I tillegg er her generelle drøftingar av forholdet mellom samfunn og språk, av språkbruk i det offentlege rommet, og ei utgreiing om kjelder til studiet av demografiske endringar i befolkninga. Initiativet til denne boka kom frå prosjektet Norsk språkhis.torie.
Detaljer
- ISBN13 9788270998432
- Sider 464
- Udgivet 2016
- Forlag Scanvik A/S
- Format Paperback
- Udgave 1
- Sprog flersproget