Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa : ei kort innføring

276,00 DKK
248,40 DKK
Being re-printed.

Product description

Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir ein ressurs i opplæringa. Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Det kan vere elevar som har lært å skrive med arabiske bokstavar før dei kom til Noreg, barnehagebarn med russiske foreldre som skriv namnet sitt med kyrilliske bokstavar, eller barn som har lært å skrive med tamilsk skrift på den tamilske laurdagsskulen. Ein lærar som har kunnskap om skrifterfaringane til eleven, kan lettare hjelpe eleven til å bygge bru til det norske alfabetiske skriftsystemet. Denne boka gir nettopp det: Grunnleggande kunnskap om skriftsystema og gode råd for korleis arbeid med skriftsystem og synleggjering av den skriftspråklege kompetansen i klassen kan styrke det metaspråklege medvitet hos alle elevane i klassen. Forfattaren gir mange døme på skriftspråkslæringa til skuleelevar, barnehagebarn og deltakarar i vaksenopplæring og på gode undervisningsopplegg. Både lærarar og lærarstudentar vil ha stor nytte av denne boka.

Details

  • ISBN13 9788215034928
  • Pages 77
  • Released 2019
  • Publisher Universitetsforlaget
  • Format Paperback
  • Language Nynorsk